Fastetida 2022, helsing frå biskopen


I Noreg lyt vi førebu oss på å ta imot flyktningar frå eit krigsherja Ukraina. Korleis kan lokalkyrkja bidra inn mot den dramatiske situasjonen Europa og verda finn seg i no?

 

Krigshandlingane i Ukraina pregar oss. Nyhenda føl oss gjennom dagen frå morgonbøn og inn i møter og på arbeidsplassane våre.

Vi er takksame for alle medarbeidarar, frivillige og tilsette. Medarbeidarane er frå fleire land, nokre kjem frå landa som no er i krig. Nokre er uroa for heimlandet sitt, for familiane og for kjente, andre er skamfulle over at dei kjem frå eit land som har invadert naboland og nabofolk. Ved inngangen til denne fastetida ropar vi Herre miskunne deg. (Kyrie eleison, norsk salmebok 976.4)

I Noreg lyt vi førebu oss på å ta imot flyktningar frå eit krigsherja Ukraina. Korleis kan lokalkyrkja bidra inn mot den dramatiske situasjonen Europa og verda finn seg i no?

Vi har nettopp gått inn i fastetida, ei tid for å sjå utover mot andre rundt oss. Ei tid for å sjå andre enn oss sjølve og for å dele Guds miskunn. Samfunnsinstansane førebur seg på forskjelleg vis, og det er naturleg at også kyrkja er førebudd på å støtte dei som kjem. Då er opne kyrkjedører (der det kan leggjast til rette for det) noko av det viktigaste vi kan tilby.

Kyrkja i Møre har eit stort lokalt engasjement. Her er gode diakonale og lokale samarbeid. Her er også store ressursar. Ikkje hard valuta, men dei mjuke, medmenneskelege og høgst nødvendige ressursane: opne kyrkjedører, opne armar, tende ljos, fylte kaffikoppar, lyttande øyrer og hjarter, omsyn og empati. «Mennesket er menneskets helsekilde. Ikke vær et ettall på jorda, bry deg om flokken din», er eit av professor Per Fugelli sine mest kjende sitat. Det kan vi ta med oss i møte med dei ukrainske flyktningane.

Vi erfarer allereie at mange ønskjer å hjelpe. Det kan vi gjere ved å ta del i dei ulike innsamlingsaksjonane, til dømes Kirkens Nødhjelp. Fastetida er tid for solidaritet med dei som lid og har det vanskeleg. Kyrkja er ein håpsbærar i verda. Vi held fast på profetien frå Jesaja 2,4

«Han skal døma mellom folkeslaga og skifta rett for mange folk. Dei skal smi jerna om til plogskjær og spyda til vingardsknivar. Folk skal ikkje lyfte sverd mot folk, ikkje lenger lærast opp til krig»

 

"Dei skal smi jerna om"...Bilete frå Mosambik, der våpen har blitt smidd om til eit kristussymbol.

Tilbake